Hopp til innhold
X
Innhald

Utøvande kunstnarar og jus

Utøvande kunstnarar og jus, saksområde som er regulert dels i åndsverklova av 1961, dels i «lov om avgift på offentlig framføring av utøvende kunstneres prestasjoner mv.» av 1956. Verk må ikkje utan samtykkje frå kunstnaren bli opptekne på plate, film eller lydband, bli kringkasta eller på annan måte bli gjorde offentleg tilgjengelege ved samtidig overføring. Kunstnaren har alltid krav på å bli namngitt slik god skikk tilseier, også der samtykkje til opptak osb. er gitt.
 
Kommersiell offentleg framføring av opptak av prestasjonane til ein utøvande kunstnar samt overføring av kringkasta sending frå radio eller fjernsyn der det medverkar utøvande kunstnarar (eller blir brukt opptak), er underlagt avgiftsplikt til fond for utøvande kunstnarar.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.08.2012
Sist oppdatert: 07.08.2012