Dødslysingsdom er ein rettsleg konstatering av at ein person er død i etterkant av ei forsvinning. Spørsmålet var regulert i «lov om forsvunne personer mv.» av 1961. Var ein person forsvunnen under slike omstende at det ikkje var rimeleg grunn til å tvile på at vedkomande var død, kunne skiftedommaren vedta at ein utan vidare skulle leggje dette til grunn. Elles kunne ein reise sak med krav om dødslysingsdom når det var gått ti år sidan siste tidspunkt ein visste at vedkomande var i live. Fristen var berre eit år dersom det var sannsynsovervekt for at vedkomande var død i ei ulukke, ein krigsoperasjon eller ei anna hending som skapte alvorleg livsfare.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg