Hopp til innhold
X
Innhald

Separasjon

Separasjon, oppheving av det ekteskapelege samlivet anten ved faktisk separasjon / samlivsbrot eller ved lovformeleg separasjon. Separasjon gir ikkje rett til å inngå nytt ekteskap, men den økonomiske fellesskapen blir oppløyst. Lovformeleg separasjon skjer ved løyve frå fylkesmannen eller ved dom når ein av partane krev det. Har ektefellane felles barn, stiller ein krav om mekling. Separasjonstida blir rekna frå den dagen løyvet er forkynt for partane. Føregåande separasjon er som hovudregel ein føresetnad for å få skilsmisse.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.06.2012
Sist oppdatert: 07.01.2013