Hopp til innhold
X
Innhald

Skilsmisse

Skilsmisse, oppløysing av ekteskap. Kvar av ektefellane kan krevje skilsmisse når dei har vore lovformeleg separerte i 1 år. Det same gjeld dersom samlivet har vore brote i 2 år (faktisk separasjon). Det er ein føresetnad for skilsmisse at partane har levd åtskilt i separasjonstida. Løyve til skilsmisse skal som hovudregel bli gitt av fylkesmannen, og det får verknad frå den dagen det er gitt, men gjengifte er ikkje tillate før løyvet er endeleg. Har ektefellane felles barn under 16 år, skal dei mekle med sikte på å få i stand ein avtale om foreldreansvar og samværsrett før saka kjem inn for fylkesmann (eller domstol der dette er påkravd).
Skilsmisse utan separasjon blir berre gitt dersom den eine ektefellen har gjort grove overgrep mot den andre eller ungane, eller har opptredd på ein måte som er eigna til å framkalle alvorleg frykt for slik åtferd. Slik skilsmisse blir gitt ved dom. Skilsmisse etter faktisk separasjon blir også gitt ved dom dersom det er usemje om vilkåra er innfridde eller ikkje. Ved skilsmisse skal det skje ei nærare deling av den felles formuen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.06.2012
Sist oppdatert: 19.06.2012