Hopp til innhold
X
Innhald

Uskifte

Uskifte eller uskifta bu, retten den som lever lengst har til å sitje med formuen til den avdøde ektefellen sin utan å skifte med dei andre arvingane. Retten til å sitje i uskifte gjeld ved felleseige, men også i særeige dersom det er fastsett i ektepakt eller dersom arvingane gir samtykkje til det. For ein umyndig arving må overformynderiet gi samtykkje. Dersom det er særkullsbarn eller livsarvingar etter særkullsbarn etter den først avdøde, kan den gjenlevande ektefellen berre sitje i uskifte dersom desse arvingane samtykkjer.
Ein gjenlevande ektefelle som sit i uskifte har som hovudregel same råderett som ein eigar over det som høyrer til buet, og får personleg ansvar for forpliktingane til den avdøde. Dersom den gjenlevande giftar seg igjen, fell retten til uskifte vekk. Dersom den gjenlevande vil gi bort fast eigedom eller større gåver, må ho/han hente inn samtykkje frå arvingane. Reglane finn ein i arvelova av 1972.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.06.2012
Sist oppdatert: 19.06.2012