Hopp til innhold
X
Innhald

Advokat

Advokat, jurist som yter rettshjelp som yrke. Vedkomande må ha løyve frå Justisdepartementet og minst 2 års relevant praksis (som advokatfullmektig, dommarfullmektig, politifullmektig eller enkelte andre stillingar som ein meiner gir nok praktisk erfaring). Advokat med møterett for Høgsterett er ein tittel for advokatar som etter 1978 har løyve til å føre saker for Høgsterett. Sjå elles høgsterettsadvokat og advokatur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 30.04.2012