Alfons er eit mannsnamn av germansk opphav brukt i Spania i forma Alphonso. Forleddet har vore Hathu- med tydinga ‘kamp, strid’. Etterleddet -funs tyder ‘ivrig, fus’.
Alfons er opphavleg eit vestgotisk namn som kom til Spania med gotarane på 400-talet. Fordi ordet alfons har ei nedsetjande tyding (‘hallik’), er Alfons mindre eigna som namn.
Namnet har fleire variantar: Alfon, Alfons.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.