Hopp til innhold
X
Innhald

Ærekrenking

Ærekrenking eller injurie, brotsverk som går ut på at nokon ved ord eller handling 1) krenkjer æreskjensla til ein annan, eller 2) krenkjer omdømmet til ein annan ved å opptre på ein måte som er eigna til å skade det gode namnet og ryktet hans, eller til å utsetje han for hat, vanakt eller tap av den tilliten han treng i stillinga eller næringa si. Det første blir straffa med fengsel i inntil seks månader, og det andre med bøter eller fengsel i inntil to år, eller eventuelt tre år dersom gjerningsmannen har handla mot betre vitande.
Straff blir i utgangspunkt ikkje brukt dersom den tiltala fører bevis for at skuldinga er sann. Ei ærekrenking som er sett fram kan også føre med seg erstatnings- og oppreisingsansvar. Saker om ærekrenking blir ikkje påtalte av det offentlege med mindre den fornærma krev det og påtale blir sett på som nødvendig av allmenne omsyn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.06.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012