Æreløyse
Æreløyse, tidlegare ei mykje brukt straff for tjuveri, falskneri og
ærekrenking. Ein mann vart ærelaus når han vart fråteken nokre av eller alle dei såkalla æresrettane (borgarrettane), til dømes retten til å stemme, kunne bli vald, avtene verneplikt o.l., som kravde eit godt namn og rykte. I dag er det berre avgrensa høve til å gje rettstap som straff.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 15.06.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012