Hopp til innhold
X
Innhald

Bortlegging

Bortlegging, det at påtalemakta vedtek å ikkje fremje straffesak eller skrive ut førelegg. Dette blir særleg gjort når ein ikkje finn nok bevis for at det er gjort ei straffbar handling, når gjerningsmannen er ukjend, eller når fornærma ikkje har kravd påtale i eit tilfelle der dette er påkravd. Sjå elles påtaleunnlating.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 28.08.2012