Hopp til innhold
X
Innhald

Den rettsmedisinske kommisjonen

Den rettsmedisinske kommisjonen, offentleg rettleiande organ i rettsmedisinske spørsmål som vart oppretta i 1900.

Medlemmene blir oppnemnde av Kongen for 3 år om gongen. Kommisjonen kontrollerer alle sakkunnige legeerklæringar som blir utarbeidde ved strafferettslege undersøkingar og yter bistand til Justisdepartementet, domstolane, påtalemakta, forsvararar og rettsmedisinske sakkunnige.
 
Kommisjonen er delt inn i fire grupper, gruppe for rettspatologi og klinisk rettsmedisin, toksikologisk gruppe, genetisk gruppe og psykiatrisk gruppe.
 
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 28.06.2012