Hopp til innhold
X
Innhald

Disiplinærstraff

Disiplinærstraff, middel for å halde oppe tukt og orden på sakleg avgrensa område. Det blir formelt ikkje sett på som straff, og blir difor gitt av administrative styresmakter utan rettargang og dom, mellom anna innan militærvesenet, fengselsvesenet, skulevesenet og i politiet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 30.04.2012