Hopp til innhold
X
Innhald

Dødsstraff

Dødsstraff, også kalla livsstraff. I Christian 5.s Norske Lov av 1687 fekk livsstraffa ein relativt sentral plass. Straffa var i tillegg ofte skjerpa ved tortur (kvalifisert dødsstraff). Denne typen dødsstraff vart avskaffa i Noreg i 1815 og dødsmåten vart fastsett til halshogging eller skyting.
Kriminallova av 1842 fastsette dødsstraff for dei mest alvorlege formene for landssvik, overlagt drap og andre særleg graverande drapstilfelle. I 1874 vart det gitt tilgang til å dømme til livsvarig straffarbeid i staden for dødsstraff. Den siste fullføringa av dødsstraff etter kriminallova fann stad i 1876.
Ved straffelova av 1902 vart dødsstraff oppheva for sivile brotsverk, men var framleis tilgjengeleg i militær straffelov for dei grovaste militære brotsverka i krigstid. Under rettsoppgjeret etter den andre verdskrigen vart det i alt fullført 25 dødsdommar. I beredskapslova av 1950 vart reglane i den militære straffelova revidert og utvida, men i 1979 vart tilgangen til å bruke dødsstraff heilt avskaffa i Noreg. Ein heldt likevel moglegheita for å gjeninnføre dødsstraff i krig open.
Protokoll nr. 6 i Den europeiske menneskerettskonvensjonen, som Noreg slutta seg til i 1988, slår fast i artikkel 1 at ein skal avskaffe dødsstraff for brotsverk i fredstid. 2. tilleggsprotokoll til FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, som Noreg slutta seg til i 1991, tek sikte på at dødsstraff skal bli fullstendig avskaffa, også i krigstid. Dødsstraff er i dei fleste landa avskaffa for brotsverk i fredstid. Slik straff utanom krigstid er likevel framleis tilgjengeleg i Russland og i fleire av landa i Afrika og Asia. Også i USA praktiserer fleire av delstatane dødsstraff.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 30.04.2012