Hopp til innhold
X
Innhald

Etterfølgjande bistand

Etterfølgjande bistand, juridisk omgrep som inneber at ein etter gjennomføringa av eit brotsverk hjelper den skuldige for å gje han ein tilsikta fordel, til dømes ved å køyre vekk tjuvegodset. Etterfølgjande bistand blir straffa med bøter eller fengsel i inntil tre år. Dersom hjelpa var avtalt på førehand, blir hjelparen straffa for medverknad til hovudmannen sitt brotsverk. Sjå elles heleri.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 14.06.2012