Hopp til innhold
X
Innhald

Forkynning

Forkynning (juridisk), prinsipp i domstolslova om at visse dokument og innkallingar som blir skrivne i samband med rettssaker, skal bli kunngjorde for motparten, vitne og andre ved forkynning. Dette blir normalt gjort ved at dokumentet eller innkallinga blir send med brev eller overlevert til adressaten personleg, eller eventuelt nokon som står denne nær. Dette skal skje på bustad eller arbeidsstad, og av eit stemnevitne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 30.04.2012