Hopp til innhold
X
Innhald

Forsvarar

Forsvarar, person som i ei straffesak yter rettshjelp til ein sikta eller tiltalt. Den som er sikta har rett til å få hjelp av ein forsvarar på alle trinn i saka. Under hovudforhandlinga samt under opptak av bevis til bruk under seinare hovudforhandling skal som hovudregel det offentlege dekkje utgiftene til forsvararen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 30.04.2012