Hopp til innhold
X
Innhald

Forvaring

Forvaring er ein særskild straffart for tilreknelege gjerningspersonar som blir rekna som farlege

Forvaring, strafferettsleg reaksjon som avløyste sikring i 2002. Forvaring er ein særskild straffart for tilreknelege gjerningspersonar som blir rekna som farlege. 

Ein kan bli dømd til forvaring når ei tidsbestemt straff ikkje blir sett på som nok til å verne samfunnet. Vilkåra er mellom anna at lovbrytaren tidlegare har gjort seg skuldig i eit valds- eller seksualbrotsverk eller eit anna alvorleg brotsverk som har krenkt livet, helsa eller fridommen til ein annan, at lovbrytaren på nytt blir funnen skuldig i eit slikt brotsverk, og at det er ei nærliggjande fare for at lovbrytaren også seinare vil gjere eit slikt brotsverk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 16.06.2017