Hopp til innhold
X
Innhald

Galge

Galge, opphavleg bøyeleg grein. Den som var dømd til «galge og grein», vart festa med reip til greina og vippa opp. Seinare vart dette ei nemning på ein eller to vertikale trestolpar med tverrstykke og reip som vart brukt til avretting. Etter Christian 5.s Norske Lov av 1687 vart visse brotsverk straffa med henging i galge, noko som var ein særleg vanærande dødsmåte. Dette vart oppheva i 1815.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 30.04.2012