Innhald
Gapestokk
Gapestokk, straffereiskap som i eldre tid vanlegvis vart stilt opp på torget eller ein annan offentleg stad. Dette var ein vanærande straffemetode som vart brukt ved mindre lovbrot, som til dømes å sverje og banne trass i åtvaring, og ved visse former for gateuorden. Syndaren vart sett i gapestokk for å stå til offentleg skode. Gapestokken vart siste gong brukt i Noreg i 1840. Sjå elles æresstraff.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 30.04.2012