Hopp til innhold
X
Innhald

Habeas corpus

Habeas corpus (latin, at du skal ha (med) kroppen), dei første orda i den gamle engelske rettsformelen som kravde at fengselsstyraren bringa fangane for retten, slik at dei fekk saka si handsama, og ikkje vart sitjande fengsla utan lov og dom. Prinsippet vart i England formelt fastslått i Habeas Corpus Act i 1679, og det blir i dag rekna som grunnleggjande for rettstryggleiken i eit samfunn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.05.2012
Sist oppdatert: 15.05.2012