Hopp til innhold

Henging

Henging, avlivingsmetode som er av dei eldre ein kjenner til. Dødsårsaka ved henging er dels samanklemming av halspulsårene, slik at blodtilførselen til hovudet stanser, dels at luftpassasjen til lungene blir stengd (kveling). Henging som dødsstraff vart mellom anna i England gjennomført ved at den dømde fall 1–2 m før løkka stramma seg. Dødsårsaka blir då brot på halsvirvlane og ryggmergen.
 
Henging vart i Noreg brukt som dødsstraff fram til 1815, då halshogging med øks vart teke i bruk. Henging er no avskaffa som avrettingsmetode i mange land.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.05.2012
Sist oppdatert: 22.05.2012