Hopp til innhold
X
Innhald

Innbrot

Innbrot, brotsverk som omfattar at nokon utan rett til det banar seg tilgang til hus, fartøy, jernbanevogn osb. Dette kan skje ved at det er gjort skade på ein gjenstand som er eigna til vern mot inntrenging, eller ved hjelp av dirk, falsk nøkkel eller rett nøkkel som ulovleg har kome bort frå innehavaren. Innbrot blir normalt straffa med fengsel i inntil 1 år. Dersom det samtidig blir gjort eit tjuveri, blir normalt heile forholdet rekna som grovt tjuveri.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.05.2012
Sist oppdatert: 15.05.2012