Hopp til innhold
X
Innhald

Innleiingsføredrag

Innleiingsføredrag, nemning på den framstillinga av saka som partane (normalt advokatane deira) gjer under innleiinga av hovudforhandlinga før forklaringar frå partane og anna bevisføring skjer. I sivile saker har begge partane rett til å halde innleiingsføredrag, medan det i straffesaker berre er aktor som har det. Forsvararen kan likevel få ordet til korte merknader som er knytte til det aktor tek opp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.05.2012
Sist oppdatert: 15.05.2012