Hopp til innhold

Kakstryking

Kakstryking, æres- og lekamsstraff. Den dømde vart bunden til ein påle (kak) og piska.

Kakstryking, æres- og lekamsstraff. Den dømde vart bunden til ein påle (kak) og piska, ifølgje Christian 5.s Norske Lov av 1687 med 27 slag på bar rygg. Dette var særleg i bruk for tjuveri og prostitusjon. Kakstryking vart avskaffa som æresstraff i 1815, og som lekamsstraff i 1842.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.05.2012
Sist oppdatert: 25.05.2012