Hopp til innhold
X
Innhald

Lagmannsrett

Lagmannsrett, rettsinstans som skal ha ein førstelagmann som leiar og så mange lagmenn og lagdommarar som det er fastsett.
Under lagmannsretten høyrer mellom anna anke i tvistemål som er dømde i tingretten samt anke i straffesaker som er dømde i tingretten. I tvistemål blir lagmannsretten normalt sett med tre fagdommarar. I straffesaker blir han normalt sett med tre fagdommarar og fire meddommarar (også kalla «lekdommarar»). For fellande dom er det krav om fem stemmer eller meir. I visse straffesaker blir lagmannsretten sett med lagrett. Dette gjeld normalt når det er anka over bevisvurderinga under skuldspørsmålet (til dømes om den tiltalte har gjort den handlinga som ho/han er skulda for), og når saka gjeld eit brotsverk som kan føre til fengsel i meir enn seks år (til dømes drap).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.05.2012
Sist oppdatert: 05.06.2012