Hopp til innhold
X
Innhald

Landssvik

Landssvik, brotsverk mot sjølvstendet og tryggleiken til staten og mot riksskipnaden

For landssvik gjeld kapittel 119 og 120 i straffelova av 2005. Straffelova av 2005 erstatta straffelova av 1902. Straffa for landssvik er etter straffelova av 2005 kapittel 119 fengsel i inntil 10 år, medan grovt landssvik gir etter straffelova av 2005 kapittel 120 fengsel i inntil 21 år.

 

Då den norske regjeringa under okkupasjonen i 1940–45 fann at reglane i straffelova om forråding neppe ville vere fyllestgjerande ved eit rettsoppgjer i Noreg etter krigen, vart det i 1941 og 1942 gitt visse provisoriske lover, som i 1944 vart følgde av den såkalla landssvikanordninga.

 

I 1947 vart «lov om straff og økonomisk ansvar for landssvikere» innført. Anordninga og lova skulle berre bli tekne i bruk når ein på grunn av forholda ved den tiltalte og saka sin art fann det forsvarleg, og når allmenne omsyn ikkje tilsa at handlinga skulle dømmast etter dei strengare straffeboda i straffelova av 1902 (kapittel 8 og 9), eller etter krigsartiklane i den militære straffelova av 1902. Anordninga og lova fastsette altså berre straffereglar og erstatningsansvar for handlingar som allereie var straffbare etter tidlegare lover, men opna likevel tilgang til å reise tiltale i ei mengd saker som elles ikkje hadde vorte påtalte.

 

I åra 1945–52 vart det handsama 92 805 saker. 30 personar fekk dødsdom (25 av dei vart avretta), 20 120 fekk fengselsstraff, 28 630 fekk anna straff og 1375 vart frifunne. I 5500 saker unnlét ein påtale, og 37 150 saker vart lagde vekk etter bevisstillinga.

 

Peikarar

Statistikk over landssvik 1940–45. Statistisk sentralbyrå 1954 (pdf)

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.05.2012
Sist oppdatert: 23.10.2017