Hopp til innhold
X
Innhald

Naskeri

Naskeri, tjuveri, underslag, bedrageri eller heleri der ein må rekne straffskulda som liten på grunn av at gjenstandane har liten verdi og forholda elles. Det typiske er eit mindre butikktjuveri. Naskeri blir rekna som misferd og kan bli straffa med bøter eller fengsel i inntil seks månader.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.05.2012
Sist oppdatert: 15.05.2012