Hopp til innhold
X
Innhald

Naudrett

Naudrett, handling som blir gjord for å redde person eller gods frå ein fare som elles er uunngåeleg. Dersom vilkåra i straffelova § 47 er innfridde, fører naudrett til at handlinga er straffri. Døme: Ein bilførar bryt fartsgrensa idet ho/han transporterer ein dødssjuk person til sjukehus. Føraren kan ikkje bli straffa for denne overskridinga på grunn av naudrett.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.05.2012
Sist oppdatert: 15.05.2012