Hopp til innhold
X
Innhald

Naudverje

Naudverje, det å forsvare seg mot eller avverje eit rettsstridig angrep med ei elles straffbar handling. Dette er etter straffelova straffritt så sant handlinga ikkje overskrir det som vart sett på som nødvendig, eller at overskridinga berre skjedde på grunn av ei sinnsrørsle eller forskrekking som var framkalla av angrepet. Døme: Person A rettar på ein trugande måte eit ladd skytevåpen mot person B. Eit angrep mot person A for å avverje eit skot vil vere straffritt på grunn av naudverje.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.05.2012
Sist oppdatert: 15.05.2012