Hopp til innhold
X
Innhald

Økonomisk kriminalitet

Økonomisk kriminalitet, «økokrim», saksområde som omfattar kriminelle handlingar som er gjorde i næringsverksemd, særleg handlingar mot det offentlege (til dømes å unndra skattar og avgifter), handlingar mellom næringsdrivande (til dømes bedrageri) og handlingar mot forbrukarane. Den sentrale eininga for etterforsking av økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet kom i drift i 1989.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.06.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012