Oppløp er det at folk stimlar saman. I juridisk samanheng er er det ei samanstimling av folk for å sjå på noko eller for å demonstrere.

Etter Grunnlova paragraf 99 har ikkje regjeringa rett til å bruke militærmakt mot borgarane med mindre det er snakk om ei forsamling som forstyrrar offentleg ro, og denne ikkje blir oppløyst med ein gong etter at politiet høgt har lese opp paragrafene 136 og 137 i straffelova om oppløp. Dei som er til stades under oppløpet etter å ha fått oppmoding om å fjerne seg, blir straffa med fengsel i inntil tre månader, og i visse tilfelle to år.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg