Hopp til innhold
X
Innhald

Opportunitetsprinsippet

Opportunitetsprinsippet, nemning i strafferetten for at påtalemakta unnlèt å reise straffesak sjølv om ho finn at det ligg føre nok bevis for at den mistenkte har gjort ei straffbar handling. Føresetnaden er at det finst særlege forhold som gjer at påtalemakta finn vektige grunnar for ikkje å påtale handlinga etter å ha gjort ei samla vurdering. Til dømes kan dette vere at det gjeld ei misferd. Sjå elles legalitetsprinsippet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 22.05.2012