Hopp til innhold
X
Innhald

Opprør

Opprør, forsøk på væpna reising mot riksskipnaden eller statlege styresmakter. Dette blir straffa med inntil 21 års fengsel.
Etter den militære straffelova blir det sett på som opprør når fleire krigsmenn i fellesskap søkjer a) å øve vald mot ein føresett eller overordna, eller b) å tvinge ein overordna til å gjere eller unnlate ei tenestehandling, eller c) å ikkje lyde ordre frå ein føresett under teneste. Førarar og hovudmenn blir straffa med fengsel i minst tre år, og dei andre som medverkar bli straffa med fengsel frå seks månader til seks år. Sjå elles mytteri, oppløp og oppvigling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 22.05.2012