Hopp til innhold

Pågriping

Pågriping, arrestasjon av ein person som er mistenkt for ei straffbar handling. Etter straffeprosesslova kan den som med skilleg grunn er mistenkt for ei straffbar handling som kan føre til høgare straff enn fengsel i seks månader, bli pågripen mellom anna når det er ein nærliggjande fare for bevisøydelegging, eller når pågriping blir sett på som påkravd for å forhindre at personen på nytt gjer ei straffbar handling.
 
Pågriping blir vedteke av retten, men dersom det er fare ved opphald, kan vedtaket bli gjort av påtalemakta. Er det fare ved opphald, kan ein politimann gjere ei pågriping utan føregåande vedtak. På dei same vilkåra kan også alle andre pågripe dersom ein treffer eller forfølgjer den mistenkte på fersk gjerning eller med ferske spor. Sjå elles varetekt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012