Hopp til innhold

Påtale

Påtale, tiltale, forfølging av ei straffbar handling for retten eller ved førelegg. Etter straffelova er straffbare handlingar som regel undergitte offentleg påtale. I enkelte saker er likevel forfølginga avhengig av at fornærma har kravd påtale, eller at påtalen er påkravd av «allmenne omsyn» (til dømes ved underslag og naskeri). I enkelte saker er forfølginga avhengig av at det både ligg føre påtalekrav, og at forfølginga er påkravd av «allmenne omsyn». Sjå elles tiltalevedtak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012