Hopp til innhold

Påtalemakta

Påtalemakta, offentleg styresmakt som leier etterforskinga til politiet, vurderer og avgjer spørsmålet om vidare straffeforfølging, og opptrer som klagar i straffesaker for domstolane.
 
Den øvste påtalemakta er Kongen i statsråd, men den daglege leiinga ligg under riksadvokaten. Dei andre tenestemennene i påtalemakta er mellom andre statsadvokatane og politiadvokatane. Også politimeistrar, politiinspektørar med juridisk embetseksamen og politifullmektigar har alminneleg påtalemakt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 22.05.2012