Hopp til innhold
X
Innhald

Pliktig fråhald

Pliktig fråhald, det at mellom andre yrkessjåførar, vognførarar, folk i driftsavdelinga i jernbane og flypersonell etter lov om pliktig fråhald av 1936 ikkje kan nyte alkohol i tenestetida eller anna rusande eller bedøvande middel (unnateke øl som ikkje inneheld over 2,5 volumprosent alkohol). Forbodet gjeld også i eit tidsrom på åtte timar før tenestetida byrjar. Brot på desse reglane blir straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år. Lov om helsepersonell av 1999 set forbod mot at legar og anna helsepersonell nyt alkohol eller andre rusmiddel i arbeidstida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 22.05.2012