Hopp til innhold
X
Innhald

Pornografi

Pornografi (av gresk porne, ’skjøkje’, og grafein, ’skrive’), framstilling i skrift eller bilete av seksuelt samvær som verkar støytande, nedverdigande eller forråande. Den som gir ut, stiller ut eller på annan måte søkjer å breie ut utuktige skrift, bilete osb., blir straffa med fengsel i inntil tre år. Det same gjeld den som overlèt slike skrift til personar under 18 år.
 
Kjønnslege skildringar som er forsvarlege ut frå kunstnariske, vitskaplege eller informative mål, reknast ikkje som pornografi.
 
Peikarar

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 22.05.2012