Hopp til innhold
X
Innhald

Provokasjon

Provokasjon (av latin), utfordring eller oppegging. I juridisk forstand er provokasjon ei nemning for oppmoding frå ein part til motparten om å kome med ei erklæring, opplysningar eller bevis.
 
Etter straffelova kan det forholdet at fornærma sjølv har framkalla ei lekamsfornærming, ærekrenking eller krenking av fred i privatlivet føre til nedsett straff eller straffridom. Dersom A øver vald mot B, og B svarar på same måte, kan valdsutøvinga til B etter skjøn frå retten bli straffri på grunn av provokasjon.
 
Ein provokatør er ein person som prøver å eggje ein annan til å gjere ei straffbar handling. Verbet er å provosere.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 22.05.2012