Hopp til innhold
X
Innhald

Ran

Ran, brotsverk som går ut på at ein person skaffar seg eller andre urettmessig vinning ved å øve vald mot ein person, ved å setje han ut av stand til forsvar eller ved hjelp av truslar som framkallar alvorleg frykt for vald.
 
Ran blir straffa med fengsel i inntil fem år. Grovt ran, til dømes bruk av grov vald eller skytevåpen, blir straffa med fengsel i inntil 12 år. Dersom eit grovt ran har hatt døden eller stor skade til følgje, kan fengsel i inntil 21 år bli brukt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 22.05.2012