Hopp til innhold
X
Innhald

Ransaking

Ransaking, tvangsmiddel som går ut på at ein person, ein bustad, eit rom m.m. blir undersøkt for om mogleg å finne bevis for eit straffbart forhold. Etter Grunnlova § 102 må ransaking berre finne stad i kriminelle tilfelle. Ransaking er som utgangspunkt avhengig av vedtak i retten, men er det fare ved opphald, kan vedtaket bli gjort av påtalemakta, og i visse tilfelle kan politi gjennomføre ransaking utan slikt vedtak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 22.05.2012