Hopp til innhold
X
Innhald

Retorsjon

Retorsjon (av latin), gjengjelding eller mottiltak. Innan jus blir omgrepet brukt om gjengjelding av ei rettsstridig handling. Dersom til dømes ei lekamsfornærming er gjengjeldt med ei anna lekamsfornærming, kan ho etter skjøn frå retten vere straffri. Dersom A øver vald mot B, og B svarar på same måte, kan valdsutøvinga til A etter skjøn frå retten bli straffri på grunn av retorsjon.
I folkeretten viser retorsjon til det forholdet at ein stat gjengjelder uvenlege, men lovlege handlingar frå ein annan stat med ei tilsvarande uvenleg, lovleg handling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.05.2012
Sist oppdatert: 22.05.2012