Hopp til innhold
X
Innhald

Rettsvitne

Rettsvitne, vitne som ein skal tilkalle i straffesaker når eit rettsmøte blir halde av éin enkelt dommar og det ikkje møter forsvarar eller representant for påtalemakta. I sivile saker brukar ein rettsvitne når det ikkje møter prosessfullmektig for nokon av partane og dommaren finn at det er ønskjeleg. Rettsvitnet skal nøye følgje forhandlingane og gjere dommaren merksam på misforståingar eller feil i oppfatninga eller protokollføringa av det som går føre seg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.05.2012
Sist oppdatert: 23.05.2012