Hopp til innhold
X
Innhald

Seksualbrotsverk

Seksualbrotsverk, brotsverk mot sedskapen. Synet på seksualbrotsverk har endra seg sterkt gjennom tidene. Hovudvekta i den gamle straffelova låg på å ta vare på den allmenne kjønnsmoralen ved hjelp av straffetruslar. Den straffelova som gjeld i dag legg derimot hovudvekta på vern av forsvarslause personar og vern av retten den enkelte har til fritt å bestemme over eige kjønnsliv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.05.2012
Sist oppdatert: 23.05.2012