Hopp til innhold
X
Innhald

Sjølvmord

Sjølvmord (latin suicidium), at nokon med vilje tek sitt eige liv. Forsøk på sjølvmord er etter norsk lov ikkje straffbart. Derimot er medverknad til sjølvmord straffbart, men straffa kan bli sett under det elles bestemte lågmålet for drap eller til ein mildare straffart. Straff blir ikkje gjennomført dersom ikkje døden var ei følgje av forsøket. Dei vanlegaste sjølvmordsmetodane er medikament og henging.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.05.2012
Sist oppdatert: 23.05.2012