Hopp til innhold
X
Innhald

Statsadvokat

Statsadvokat, embetsmann innanfor påtalemakta som avgjer om ein skal reise tiltale i saker om brotsverk når saka ikkje høyrer under Kongen i statsråd eller riksadvokaten. Statsadvokaten fører straffesakene (er aktor) for påtalemakta ved lagmannsretten, og vanlegvis også for Høgsterett. Kongen i statsråd kan, i visse typar saker, delegere påtalekompetanse frå statsadvokaten til politiet. Sjå elles tiltalevedtak.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.05.2012
Sist oppdatert: 15.06.2012