Hopp til innhold
X
Innhald

Strafferett

Strafferett, rettsreglar som fortel kva for handlingar som er straffbare. Vidare blir omgrepet brukt om den greina av rettsvitskapen som omhandlar straffbare handlingar. Det er vanleg å dele strafferetten inn i alminneleg og spesiell strafferett. Alminneleg strafferett omhandlar spørsmål som er felles for alle straffbare handlingar, til dømes naudverje og forsøk. Denne er stort sett regulert i den første delen av straffelova. I den spesielle delen blir dei enkelte straffbare handlingane tekne opp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2012
Sist oppdatert: 14.06.2012