Straffritaksgrunn er ei fellesnemning for omstende som fører til at ei elles straffbar handling ikkje er rettsstridig og dermed straffri.

Straffritaksgrunnar kan vere av generell eller spesiell art. Naudverje og naudrett høyrer til den første gruppa. Eit viktig eksempel på den andre gruppa er at ingen kan bli straffa for falsk forklaring ein som sikta har gitt om eigne forhold.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg