Hopp til innhold

Straffutmåling

Straffutmåling, vedtak om straff innanfor den strafferåma lova set for ei straffbar handling.

I dag opnar dei fleste straffereglane moglegheita for ei nokså variert straffutmåling, og tidlegare rettspraksis speler ei sentral rolle.
Ved straffutmåling må retten for det første ta omsyn til objektive forhold ved handlinga, som til dømes kor stor skaden er, kor farleg handlinga er osb., og for det andre til subjektive moment, som til dømes skuld, motiv, alderen til gjerningsmannen osb. Det kan også vere aktuelt å leggje vekt på andre moment, som til dømes at det har teke lang tid før dommen blir gitt, at gjerningsmannen i mellomtida har betra livsførselen sin osb. Ved utmåling av bot vil også økonomien til gjerningsmannen vere viktig. I domsgrunnane skal retten gjere greie for dei syna som har vore med på å avgjere straffeutmålinga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2012
Sist oppdatert: 27.06.2012