Hopp til innhold
X
Innhald

Subsidiær

Subsidiær (av latin subsidiarius, ’reserve’), som trer i staden for noko anna (det prinsipale) dersom dette fell vekk. I rettssaker blir det ofte lagt ned ein subsidiær påstand for det tilfellet at den prinsipale påstanden (hovudpåstanden) ikkje blir teken til følgje. Ved bøtlegging blir det fastsett ei subsidiær fengselsstraff som ein må sone dersom bota ikkje blir betalt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.06.2012
Sist oppdatert: 14.06.2012